Jol øve Bygde - Vinje kyrkje
Ei stund med song, lys og jolefred
Kva treng du no før jol? Kanskje ei lita pause, ein kjend melodi eller ei god stund saman med nokon du er glad i?
Songlaget Strendingen og Songkoret Bygdaklang inviterer til jolekonsert i Dale kyrkje, Vangskyrkja og Vinje kyrkje. Gjennom vakre jolesongar, solistinnslag og tekstar gir me rom for glede og forventning, men òg for sakn, ettertanke og håp.
Du får høyre tradisjonelle songar du kjenner, og kanskje møte nokre som er nye for deg. På to av songane inviterer me deg til å syngje med.
Me vonar å sjå deg:
Dale kyrkje – onsdag 16. desember
Vangskyrkja – fredag 18. desember
Vinje kyrkje – sundag 20. desember
Ta gjerne med nokon du ynskjer å dele denne stunda med – eller gje eit par billettar i gåve.
Velkomen til ei varm stund i desembermørket!
Waiver
Billetten er å sjå på som eit verdipapir og tapte eller unytta billettar vert ikkje refunderte. Det er ikke angrerett på kjøp av billettar.
Arrangøren har rett til å endre tid og dato for arrangementet. Ved endra tid og/eller dato vil billetten vere gyldig for nytt tidspunkt.
Arrangøren forbeholder seg retten til å avlyse arrangementet. Ved avlyst arrangement vert billetten refundert. Billettavgift vert ikkje refundert.
Dersom Kjøperen ikke har registrert e-post adresse i forbindelse med kjøpet faller Arrangørens varslingsplikt bort.